IMG_4359Miljøavdelinga skipa laurdag til bruskassestablekonkurranse i gymsalen. Pantekassane sat laust, og me trudde lenge det skulle verta ganske så jamnt avdi alle stabla 9-10-11 kassar heilt til Henrik Sørås viste ukjende kunster og stabla 19 kassar.

Han leverte ein god sommarjobbsøknad til Ringens/Hansa/Borg, you name it. Henrik tok sjølvsikkert kveld utan å ane at Tysnes og Sotra også skulle stilla sterkt i denne ærefulle konkurransen: Også Jon Enes og Trygve Langeland klarte 19 kassar. Finalen besto i å stabla flest kassar på eit minutt. Her tok regjerande rekordkveldvinnar og iPod-touchinnehavar Trygve Langeland ein knepen siger over sjarmøren, tysnesingen og ikkje minst ferskisen Jon Enes. Nervane var til å ta og føla på og sangynskje, helsingar og kjærleiks- og støtterklæringane sat laust då sekretariatet skulle formidla desse frå publikum til publikum. Premiering vil finna stad på morgonsamling ein gong i nær framtid.

Tekst: Andreas Sørås










Lørdagsarrangement på Framnes. Resultat bruskassestabling:

Deltakar

Antall kasser

Finale 1. minutt

1

Trygve Langeland

19

15

2

Jon Enes

19

14

3

Henrik Sørås

19

stryk

4

Andreas Rødland

16

5

Alice Byrknes

14

6

Daniel Mast

11

7

Bjarte Eilifsen

11

8

Tarjei Kristensen

11

9

Per Lønning

10

10

Benjamin Myklebust

10

11

Rakel Fjellvang

10

12

Åsmund Drivenes

9

13

Henning Mortensen

9

14

Daniel Andreassen

9

15

Raymond Solhjell

9

16

Erlend Løfall

9

 

 

IMG_4351

IMG_4352

IMG_4355

IMG_4353

IMG_4357

IMG_4363

IMG_4393