IMG_4658Torsdag 8. september var det duka for haustens innskyting på Melstveit i Øystese. Initiativtakar Marius Svortevik leia an medan utfordrarane stod i kø. Regjerande meister og initiativtakar Joar Skutlaberg meldte seg sjuk denne dagen. Dette var synd for Joar, som hadde slått oss alle uansett. Marie Lovise Wilhelmsen og Henriette Baustad stilte sterkt i kvinneklassen medan Johan Kringlebotten, utan å ha rørt ei hagle før, fekk 15 av 25 moglege treff.

Tekst og foto: Andreas Sørås


 

Øystein Wigrestrand si hagle frå førre årtusen spelte ikkje heilt på lag, og Øystein stilte difor saman med underteikna i "klassen for oss med mindre enn 10 treff." Dagens sigerherre vart Bjarte Eilifsen, som drog til med 18 av 25 moglege treff på siste og avgjerande serie. Miljøavdelinga gratulerer Framnes sin eigen skytterkonge.

IMG_4674

IMG_4644