Elev på Framnes kristne vidaregåande skule, Frida Berge frå Ølve, vann 1.500 meter i den nordiske juniorlandskampen i København i helga. Ho sigra i eit jamnt oppgjer med ein finsk og ein islandsk konkurrent på tida 4.27,14. Berge er medlem både i Strandebarm idrettslag og Gular. Ho sette òg ny personleg rekord på 3.000 meter med 9.52,00. Det heldt til bronseplass bak to finske løparar, melder Hordaland Folkeblad.
Elevar, lærarar og resten av personalet på Framnes gratulerer med innsatsen!