IMGP1120

I helga var friluftsliv 1 på fjelltur. Dette er elevane i andre klasse frå VG2 studiespesialisering og idrettsfag som har valt friluftsliv som programfag.

I klassen er det 35 friluftsinteresserte ungdommar. Me reiste til grensa mellom Hordaland og Sogn og Fjordane, og fekk oppleva haustnoreg på sitt aller vakraste.

Me gjekk i eit fantastisk fjellområde frå Jordalen og ut på spektakulære Breiskrednosi. Der er det 1.100 meter loddrett ned i fjorden! Preikestolen er 600 meter høg, så dette er spektakulært.

Videre bar det ned til fjorden og bygda Dyrdal, der me fekk eit triveleg møte med bygdas einaste fastbuande – før turistferja frakta oss til minibussane.


Høyrt på turen:

«Utruleg natur» «Mi første natt i telt, det var kaldt» «Me leikar ikkje stup» «Freia vaniljesaus er betre enn Piano sin» «Au, flammar er varme» «Varm stein i soveposen, det funkar» «Burgeren er svidd og steinhard, men god» «Hahahahaha, Henning fall i elva!» «Sola varmar» «For ei fantastisk utsikt» «Husk å ta bilete Sindre» «Takk og lov for at ferja kom, då slapp eg å bada» «Det var tyngst å gå nedoverbakke»

Første tur går under kategorien vellykka! Veldig god stemning i gruppa og humøret var på topp. Forventingane til surfeturen etter haustferien er med andre ord høge!

Tekst: Martin Dalane

Foto: Sindre Nyborg

IMGP0955

IMGP0980

IMGP0985

IMGP1005

IMGP1082

IMGP1088

IMGP1126

IMGP1128

IMGP1133

IMGP1147

IMGP1150

IMGP1159

IMGP1161

IMGP1201

IMGP1203

IMGP1210

IMGP1213

IMGP1221