September_017På torsdag reiste elevane i 3A og 3B på ekskursjon til Bergen. Elevane delte seg i to grupper og besøkte i tur og orden den katolske kyrkja og Raftohuset. Etter mange spennande inntrykk inntok dei lunch på Studentsenteret og fekk eit innblikk i noko av det som ventar neste skuleår. Etterpå gjekk turen til kunstutstillinga på Rasmus Meyers Samlinger. Etter kunstinntrykka vart det mat på Dolly Dimpels. På kvelden venta førestillinga Gjengangere på teateret, og ikkje før klokka halv ti på kvelden førde bussen dei heim att, mange opplevingar rikare.

Tekst og foto: Håkon Bjelland


September_017
September_025

 

September_032

September_038

September_051