edinburgh_castle23. september reiser 11 elevar og 2 lærarar på tur til Skottland.

– Me flyg til Aberdeen og tek buss til Edinburgh, der me vert til tysdag. Me skal mellom anna bruka tida til å læra meir om skotsk historie og identitet, seier lærar Gry Engeseth.

Det skotske parlamentet og Edinburgh Castle er nokre av høgdepunkta elevane får oppleva. Tysdag dreg reisefølget til Glasgow, og vert ei natt der, før elevane tek ein todagarstur til det skotske høglandet. Elevene overnattar i vakre Inverness på eit fint hotell der dei også får smaka ein betre haggismiddag. Dersom gjengen er heldige får dei sjå Nessie også. Fredag 30. september vender elevar og lærarar nasen heim att.

Foto: UK travelguide