orkenFredag kveld reiser 48 elever fra vg2 og vg3 og tre lærarar til Tunisia. Det blir ei vekes studietur der kultur, historie og religion står på timeplanen. Elevane blir tatt med på ei rundreise i landet saman med den tunisiske gaiden Slah. Dei vil få oppleva spor av romersk stordomstid, kristendommens påverknad og dagens muslimsk samfunn. Høgdepunktet på turen har vanlegvis vore kamelriding i ørkenen og overnatting på sanddyner under stjernehimmelen. Det blir ei ugløymeleg oppleving! Elevane gler seg til å møta ein annan kultur med andre skikkar og ikkje minst annleis mat. Dei ser også fram til å nyta sol og varme etter veker med regn og skodde.

Dersom foreldre treng å ta kontakt med lærarane på turen er det berre å ringe: 99452586/ 99642442/99257151
Foto: Framnes kr. vgs