kjemirom_1Etter mange år med stor slitasje har kjemirommet (tidlegare naturfagrom) fått ei kraftig oppgradering. I sommar vart alle pultane og kateteret kasta ut, det vart lagt nytt golv med litt større plass mellom benkane, og ikkje minst nytt golvbelegg. På seinsommaren kom nye pultar med vask på kvar pult (4 elevar pr pult). I tillegg er det straum og nettverkskontaktar på kvar pult.

Men den største forskjellen er kanskje at det er montert avtrekksvifte over kvar pult og over kateteret. Så nå vert det kanskje ikkje fleire falske brannalarmar av Eimund sine elevforsøk....?

Tekst: Jostein Moldsvor

kjemirom_1

kjemirom_2