gron_dag_5Onsdag 5. oktober kom BAMA til Framnes og laga «Grøn mat» til elevane. Forsking viser at grønsaker inneheld mykje vitaminar, antioksidantar og fiber. Eit sunt kosthald er med andre ord med på å gjera elevar og tilsette meir vakne og opplagde!

Den grøne dagen viste oss at sunn kvardagsmat kan gjerast til festmat. Slagordet «5 om dagen» vart godt ivareteke. Under leiing av kokk Per Christian Valland frå BAMA gjorde kjøkkenpersonalet  ein flott innsats for at elevane skulle få nydeleg lunsj og middag denne dagen.

Som  bileta viser vart maten godt motteken. Personalet fekk også smaka, og sette stor pris på det dei fekk servert.

Tekst og foto: Berit i resepsjonen

gron_dag_2

gron_dag_3

gron_dag_4