790223. september reiste 48 elevar og tre lærarar til Tunisia. Det vart ei veke med opplevingar, møte med ein eksotisk kultur og ei innføring i ei mangfaldig historie.

Tekst: Lisbeth F. Oma 

Foto: Sunniva Lie Nese, Herdis Austevoll og Lisbeth F. Oma 

(Fleire foto under teksten)

Framnes har hatt det som ein tradisjon å leggja utanlandsturar for vg2 og vg3 til Tunisia og andre land. Gjennom fleire år har skulen hatt eit nært samarbeid med tunisiaren og gaiden Slah, som har budd i Noreg i mange år – og som snakkar godt norsk. Gjennom Slah får elevane spanande innsyn i Tunisisk historie og kultur.

Tunisia er eit muslimsk land, men det har det ikkje alltid vore. Tidligare i historia var landet under romersk herredømme, noko me fekk eit godt innblikk i gjennom besøka ved ulike romerske ruinar (romerske bad, kyrkjer, amfi osv). Mellom anna Kolloseum. Kristendommen har også hatt fotfeste i Tunisia. Dermed vart også kyrkjehistorie og religion eit fag me var innom på turen.

Turfølgjet fekk også ei rundreise i Tunisia saman med reiseleiar Slah. Turen starta med ei hotellovernatting i Sousse, der elevane møtte Slah som skulle ta reisefølgjet med på rundreisa.

Det vart mellom anna besøk i moskeen i Kairouan og i romerske ruiner i Sbeitla.  Møtet med ørkenen sette spor. Først ein føremiddag i terrengbilar med høg fart i ørkenen, så eit møte med kulissene til Star Wars filmane, og deretter turar innom fleire oasar i fjellområdet på grensa til Algerie.

Høgdepunktet var nok kamelturen i ørkenen, der me overnatta under open stjernehimmel på sanddyner. Fantastisk å få med seg nydeleg solnedgang, bålkos på kvelden med beduinar som diska opp med mat, musikk og dans. Ved soloppgang litt før seks om morgonen vakna me til ein ny vakker dag og dekka langbord på sanden, der beduinane serverte oss frukost. Deretter sette me oss på kamelryggane og vandra bort frå ei ugløymeleg natt i sovepose under åpen himmel.

På veg til ørkenen passerte me Saltsjøen, ein stor innsjø på storleik med Danmark og som så og seia berre består av salt. Mykje av saltet som vert brukt på vegane i Noreg kjem frå denne saltsjøen. Ein av kveldane var me på kulturaften hos ein privatperson, der tunisisk musikk og dans sto på programmet.

I Matmata fikk me møta enda meir tunisisk historie og kultur. Der bur mange av berbarane, som er urfolket i Tunisia. Dei bur i fjellområda og har tradisjonelt hatt husa sine som holer i fjellveggane. Me fekk besøke ein slik heim.

På veg tilbake til Sousse stoppa me i El Jem for å besøke coloseum, ein kopi av byggverket i Roma, veldig godt bevart men ein etasje lågare. Her fikk me innsyn i keisarveldet og alle forlystingane som herskarane dreiv med. Mellom anna dødelege kampar mellom menneske og dyr, og mellom fangar og gladiatorar. Dei kristne vart også slakta ned på desse arenaene.

Då me var tilbake i Sousse besøkte me nokre frå Skandinavia. Dei driv “teltmakarverksemd”. “Teltmakarane” tok oss med til katakombene som ligg under byen. Der fikk elevar og lærarar eit sterkt møte med martyrane si historie. Me fekk også et innsyn i korleis det er å driva teltmakarverksemd i eit muslimsk land. Mange av oss vart fasinert og imponert over arbeidet.

Det vart sjølvsagt også tid til avslapping, bading og soling rundt bassengkanten. Elevane fekk prøvd seg på marknaden i medinaen i Sousse, der dei måtte hiva seg ut i prutinga. Her vart det erfaringar med både gode og dårlege kjøp. Kvar kveld hadde dei reisande kveldssamling med lovsong og ord for kvelden. Tekst: Lisbeth F. Oma

Foto: Sunniva Lie Nese, Herdis Austevoll og Lisbeth F. Oma

_234930025

7930

Kulisse frå Star Wars-filmane.

841344

Frå katakombene
8074
IMG_8077
oase
restaurant
slah
Tunisia_2011_100
Tunisia_2011_105
Tunisia_2011_160
Tunisia_2011_121
Tunisia_2011_163
Tunisia_2011_308
Tunisia_2011_372
Tunisia_2011_426
Tunisia_2011_433
Tunisia_2011_445
Tunisia_2011_472
Tunisia_2011_487
Tunisia_2011_513
Tunisia_2011_523
Tunisia_2011_540
Tunisia_2011_551
Tunisia_2011_554
Tunisia_2011_630
Tunisia_2011_633
Tunisia_2011_637
Tunisia_2011_656
Tunisia_2011_689
Tunisia_2011_702
Tunisia_2011_713
Tunisia_2011_726
Tunisia_2011_735