framneshalvoyaHelga 2.– 4. desember har du som er 10.klassing høve til å koma til Framnes for å verta kjend med skulen. I løpet av helga vil du få innblikk i kva studieretningar og fag me kan tilby. Elevane har ulike faglige stasjonar klare på laurdag, der du ved hjelp av “fadrar” vil verta losa gjennom mange aktivitetar.

Påmeldingsfrist: 25. november.

Fadrane ynskjer å gje deg “smakebitar” av skulen. I tillegg frå du høve til å vera med på sportslige aktivitetar, brettspel, og ikkje minst sjå talentshowet som russen arrangerer på laurdagskvelden. Russen vil i tillegg ha open kafé/kiosk for å skaffa inntekter til misjonsprosjektet sitt.

Du som kjem for å vera med heile helga vil få høve til å overnatte på klasserom, dersom du ikkje har nokon du kjenner frå før på skolen som du kan overnatta hos. Denne helga vil gi deg eitt lite innsyn i korleis det kan vera å gå på ein vidaregåande internatskole.

Det er viktig at du melder deg på. Du kan laste ned programmet her:

Vedlegg:
Last ned denne filen (brosjyre til open helg 2.pdf)brosjyre til open helg 2.pdf[ ]2037 Kb