misjonslop

Laurdag 5. november, litt før ti om morgonen, skal elevane på Framnes springa “Mercyløpet”. Dei har ein og ein halv time på seg til å springa så mange rundar dei klarar til inntekt for årets misjonsprosjekt. På førehand har dei skaffa seg sponsorar, som støttar dei som spring. Me vonar det vert eit kjempeløp, og at du tek deg tid til å koma for å heia fram og gira opp elevane! Løpet er lagt til same dag som foreldrehelga, og vil vara fram til kvart over elleve.