Sykkel_klarSykkel_klarFramnes kristne vidaregåande skule vil skuleåret 2012/13 tilby toppidrett sykling for elevar som går på studiespesialiserande fag og idrettsfag. Framnes KVGS har knytta til seg trenar med høg utdanning og lang erfaring innan sykling, og ein legg opp til eit tett samarbeid mellom skulen sine lærarar og trenarar i «moderklubben», der det er ynskjeleg. Skulen har og eit samarbeid med Hardanger Sykkelklubb. Dei har ca 100 medlemmer og har eigne treningar for ungdom på kveldstid og i helgene. Treningsmengden må tilpassast den enkelte utøvar ut fra føresetnad. (Les meir under)

Sykkel_inne-i-sida
På biletet ser me førsteklassingane Tor André Sture Rossnes og Henriette Austevoll saman med fagleg ansvarleg Jan Roy Eide.

Intensjonen med toppidrett sykling er å lage eit miljø der utøverane kan trene saman i skuletida og på kveldstid. Når ein bur saman er det enkelt å organisere trening saman. Ein vil med rammene som er på internatet få god struktur på måltid, soving og trening. Skulen legg opp til at det er same trenar(ar) som har undervisninga på dagtid og kveldstid. Dermed vil ein få god kontroll på totalbelastninga til den enkelte syklist. Når det gjeld treningsmengde legg ein opp til å følgje tilrådingane frå Olympiatoppen, men med individuelle tilpassningar. Sykkelundervisninga vil bli lagt til måndag (3 timar) og torsdag (2 timar). I tillegg vil det bli 5-9 timar alternativ trening i faga aktivitetslære og treningsleiing for dei som går på idrettsfag.

Open helg
Skulen innviterer aktuelle elevar, 10. klassingar og dei som eventuelt går vidaregåande på Vg1 og Vg2, til «Open helg»  2.-4. desember. Der vil ein bli kjent med skulen og få presentert opplegget for toppidrett sykling. Påmelding via www.framnes.vgs.no. Har ein spøsmål om opplegget, ta kontakt med Jan Roy Eide (fagansvarleg sykkel) 970 70 967 på eller Odd Inge Austevoll (studieinspektør) på 926 27 332. Velkomen til «Open helg» 2.-4. desember!

Tekst: Odd Inge Austevol  Foto: Lars Arvid Oma