Open_helg_2117 tiandeklassingar frå Hordaland, Rogaland, Møre og Romsdal, Trøndelag og Buskerud deltok på Open helg første helga i desember. Målet var å gjera dei unge gjestene betre kjende med skulen. Oppslutnaden er ei dobling frå i fjor. Interessa for Framnes er med andre ord stor! Gjennom ulike aktivitetar fekk tiandeklassingane innblikk i fagtilboda, internatlivet og det sosiale livet på skulen. Laurdag føremiddag arrangerte lærarar og elevar 13 fagstasjonar som viste ein del av dei faga skulen tilbyr. (les meir under!)

Tekst: Lisbeth F. Oma

Foto: Lars Arvid Oma

 

På ettermiddagen kunne elevene velja mellom fotball, rulleskøytehockey, toppidrett sykkel, basseng, juleverkstad og leik. Kvelden vart avslutta med haustens høgdepunkt,  Talentiaden, som russen arrangerer. Her fikk gjestene presentert ulike talenter på skulen, som framførde song, musikk, trial-sykkel, film, dans, etc. Me håper mange sit igjen med ei positiv oppleving av Framnes, og at me får sjå dei igjen som elever hjå oss neste skuleår!

 

Open_helg_3

Tiandeklassingane fekk info om det siste nye på Framnes, Toppidrett sykkel.

Open_helg_4

Her er nokre av elevane i biologi VG3 som demonstrerer ekstrahering av DNA frå kiwi.

Open_helg_5

Her ser me elevar frå VG2 som arbeider med eit forsøk i biologi.

Open_helg_6

Tiandeklassingane følgjer med medan tredjeklassingane demonstrerer kunstene sine.

Open_helg_7

Det kan vera mykje moro i fysikk-undervisninga. Her er eit par elevar i sving med å måla høgde og fart.

Open_helg_8

Fartsmålingane vert overført til pc og prosjektør.

Open_helg_9

Kjemielevane viser litt av det dei har lært. Her er det "spalting av hydrogenperoksid". Då dannast det oksygengass som gjer at det vert  danna mykje såpeskum som voks oppover i målesylindaren.

Open_helg_11

Her ser me såpeskummet tyt opp av glaset.

Open_helg_12

Tiandeklassingane låg som sild i tønne, men det var ikkje mange klager å høyra.

Open_helg_13

Ein av lærarane fortel om spenst og styrke på toppidrett fotball.

Open_helg_14

Nokre av karane på Framnes er sterke som oksar!

Open_helg_15

Skal ein verta sterk er det stort sett berre trening som hjelper.

Open_helg_16

Her får tiandeklassingane som får eit innblikk i treningslære. Her får dei prøva seg i ein lungevolumtest.

Open_helg_17

På ein av postane fekk tiandeklassingane innblikk i psykologi-faget. Framneselevane dramatiserte ulike former for oppdragelse; ettergjevande oppdragelse, autoritær oppdragelse og demokratisk oppdragelse. Etterpå var det tid til debatt.

Open_helg_18

Her eit døme på autoritær oppdragelse...

Open_helg_19

... og her frå ein familie med demokratisk oppdragelse. Kva er best?

Open_helg_21

Tiandeklassingane heiv seg med i samtalen.

Open_helg

Litt info om skulen må også til.

Open_helg_1

Leiarane for misjonsprosjektet informerer om Mercy Ships, som russen samlar inn pengar til.

openhelg_matsalen

Det vart ekstra travelt for kjøkkenet då Framnes fekk triveleg besøk av 117 tiandeklassingar. Det var totalt 340 i matsalen under kveldsmaten laurdag!

openhelg_kafe

God stemning på kafeen, som tredjeklassingane driv på "Hemsen", til inntekt for misjonsprosjektet.

Talentiade_og_apen_dag_013

Tiandeklassingane held på med juleverkstad i peisestova. Foto: Håkon Bjelland

Talentiade_og_apen_dag_025

Personal-borna fekk også vera på juleverkstad. Foto: Håkon Bjelland

Talentiade_og_apen_dag_027

Tiandeklassingane i djup konsentrasjon under julekortproduksjonen. Foto: Håkon Bjelland

Talentiade_og_apen_dag_032

Det vart også tid til leik og moro. Foto: Håkon Bjelland