Talentiade_og_apen_dag_054

Laurdag 3. desember arrangerte russen Talentiade 2011 til inntekt for misjonsprosjektet. Elevane frå første til tredje klasse stod for heile 17 innslag, der dei fikk visa fram ei lang rekkje talent som sang, musikk, dans, drama, film og biketrial. Leiar for arrangementskomiteen, Gjermund Fure Johansen, er svært nøgd med kvelden, og kjempeglad over å ha selt om lag 350 billettar.

Konkurransen var delt inn i tre ulike kategoriar; publikumspris, mest originale innslag og juryens pris. Vinnaren av publikumsprisen gjekk til Benjamin Røen med sangen ”Stay with me” av Bernhoft. Det mest originale innslaget gjekk til Jens Ivar Melås og Erlend Løvfall, for filmen om to russiske gutar som hadde lova foreldra å vinna Framnes-talentiaden ved å gjennomføra eit dansenummer i tights og rulleskøyter. Prisen ”Juryens beste innslag” gjekk til biketrialtalentet Svein Olav Halvorsen, som imponerte med sine avanserte ferdigheiter på sykkel. (sjå fleire foto under!)

Tekst: Lisbeth F. Oma

Foto: Håkon Bjelland

 

Talentiade_og_apen_dag_054

 

Talentiade_og_apen_dag_056

Talentiade_og_apen_dag_058

Talentiade_og_apen_dag_066

Talentiade_og_apen_dag_074

Talentiade_og_apen_dag_083

Talentiade_og_apen_dag_095

Talentiade_og_apen_dag_105

Talentiade_og_apen_dag_110

Talentiade_og_apen_dag_117

Talentiade_og_apen_dag_130

Talentiade_og_apen_dag_141

Talentiade_og_apen_dag_146

Talentiade_og_apen_dag_151

Talentiade_og_apen_dag_161

Talentiade_og_apen_dag_166

Talentiade_og_apen_dag_174

Talentiade_og_apen_dag_177

Talentiade_og_apen_dag_181

Talentiade_og_apen_dag_189

Talentiade_og_apen_dag_191