Sierra_Leone_9 Natt til måndag 14. november sat me (les: skuleprest Arne Opsahl-Engen, leiar Håvard Drange, og nestleiar Kristin Eskeland) oss på flyet til Freetown, for å vitje Sierra Leone og M/S Africa Mercy. Dei tre første nettene budde me om bord på skipet til Mercy Ships. Her fekk me visning av heile skipet, vere med inn på ein leppe- og ganespalteoperasjon, og i tillegg snakke med nokre av pasientane. Særleg det siste gjorde sterkt inntrykk. Det var artig å sjå korleis små born som nyleg var blitt operert kunne krangle med kvarandre, le, eller leike i saman. (les meir under!)

Tekst: Håvard Drange

Foto: Kristin Eskeland

 

Etter nokre dagar om bord på skipet, reiste me eit par timar ut av Freetown, til ein stad som heiter River Number Two. Ein av dei største kontrastane me opplevde då me kom ut av skipet, var kanskje det å få oppleve den enorme fattigdomen og nauda som er i landet. Om bord fekk me møte menneske som hadde fått hjelp; på land fekk me møte menneske som trengte hjelp. Det var både interessant og lærerikt å få snakke med dei som verkeleg får kjenne dette på kroppen, og lever i denne røynda kvar dag. Dei me snakka med hadde store draumar om framtida, og dei hadde verkelg trua på the language of hope, trass i at samfunnet ikkje legg opp til skulegang, løn eller legehjelp for store delar av befolkninga i landet.

Sierra_Leone_9

Sierra_Leone_1

Sierra_Leone_2

Sierra_Leone_4

Sierra_Leone_5

Sierra_Leone_7

Sierra_Leone_8

Sierra_Leone_10

Sierra_Leone_11

Sierra_Leone_12

Sierra_Leone_13

Sierre_Leone_3