Framnesbasaren28. januar vert det trekning i Framnes-basaren. Ivrige loddbokselgjarar er allereie i sving. Ei stor mengd vinstar skal loddast ut, via loddbok og åresal. Det er også snakk om å få til ei tredje trekning. Mellom vinstane i boktrekninga finn ein til dømes ei bålpanne, eit tresnitt av Per Flatøy, ein sparkesykkel, eit fotoapparat med minnebrikke, diverse lappetepper og ein gutebunad. Dette er berre eit lite utval av det som dukkar opp på basaren i slutten av januar...

Så no er det om å gjera å kjøpa lodd og møta opp på den store basardagen på Framnes, i peisestova klokka 16.00.

Geir Johnny Undal skal leia basaren, og Lisbeth Fredheim Oma skal halda andakt. Basarkomiteen arbeider med å skaffa musikk-krefter til arrangementet.