P1000996Elevar frå klasse 1C deltok som dommarar under Norgescupen i telemark på Geilo 7. til 8. januar. Tilbakemeldingane frå arrangøren er svært gode. Elevar og lærarar sette seg i respekt når det gjeld kunnskapar og innsats som dommarar. Svein Olav Halvorsen, Espen Svåsand og Joar Skutlaberg frå 3c deltok i rennet.

Her kan du sjå film frå skirennet på Geilo: http://www.youtube.com/watch?v=L_NcVNa7_HI

Her er elevane si eiga skildring av turen, skrive av Gunhild Misje og Marta Galtung:




1C på tur til Geilo

Tidlig fredag morgon 6.januar (Sara Roaldsnes sin bursdag) var den spreke 1c-gjengen klare for vintertur. Med stappfulle sekkar og trøytte fjes, subba ”gogjengen” seg ned til minibussane som skulle frakte oss til Geilo.
NB! Les vidare under.
Då me kom fram på fredag ettermiddag stod skitrekket for tur. Med knall og fall, og skadar, fekk me prøvd oss på dei nye telemarkskia våre. Etter nokre turar i trekket var med klare til å dømma i Noregs-cupen i telemark. Forutan forfrosne fingrar og iskalde kroppar gjekk dømminga suverent, og me var klare til å fiksa leirplassen. Med gryterett i magen og ”do-besøka i boks” var med klare for å hoppa i soveposen.

Neste morgon vakna me etter ei natt med variert mengde søvn. Me var tidleg oppe, for etter avtale med arrangementsleiinga skulle me vera i trekket klokka åtte. Det var to omgangar som skulle dømmast denne dagen, og me fekk masse skryt.

Då dømminga var over førde vegen oss vidare opp stolheisen med dei overfylte sekkane. Du kan sjølv tenkje deg korleis det gjekk, overraskande bra!

Så var det sjølve friluftsdelen som stod for tur. Ved eit idyllisk vatn på vidda fann me den perfekte teltplassen, med ein sildrande bekk like i nærleiken – slik at me hadde friskt vatn. Det var lukke!

Telta var oppe, kuldegropene gravne, middagen eten og gradestokken på veg ned til minus 10 grader. Der satt den hardbarka 1c-gjengen rundt bålet og kosa seg i det vakre måneskinet.

Då me vakna neste dag fekk me i oss ein skikkelig frukost, med alt frå frosne brødskiver til ostesmørbrød og pannekaker – som likna klumpar på stormkjøkkenet. Me pakka ned leirplassen og gjorde oss klare for ein liten tur i det nydelege solskinet. Då klassebiletet var teke på toppen, vende me nasen mot skiheisen. Nokre tok skiheisen ned, mens dei litt meir skitrente tok utfordringa med å stå ned skibakken med sekk. Enkelte stod løpet ut og gav seg ikkje før dei sat i bussetet sitt, medan andre tok seg både frivillige og ufrivillige pausar midt i bakken. Bussane vart deretter fylt opp med elevar, lærarar og sekkar, og sette kursen mot Framnes igjen.

Takk til dei fantastiske lærarane våre, Frede, Arne og Odd-Inge for tilliten dei viste oss i samband med til dømminga, og til Sjur som var med som assistent!

Tekst: Gunhild Misje og Marta Galtung
Foto: Frede Hatlen
GeiloP1000919
GeiloP1000921
GeiloP1000924
GeiloP1000940
GeiloP1000945
GeiloP1000948
GeiloP1000967
GeiloP1000968
GeiloP1000972
GeiloP1000978
GeiloP1000984
GeiloP1000988
GeiloP1000990
GeiloP1010006
GeiloP1010008