sigurd_singelstad_1Sigurd Singelstad (19), som har vore idrettslærer på Framnes KVGS det siste halvåret, reiser til Sogndal for å studera og spela fotball. Singelstad skal delta på 2. laget til tippeligaklubben.

– Eg kjem til å klina ti. Dette er ein mogelegheit eg kjem til å utnytta. Å gjera ein skikkeleg innsats vert min måte å takka for denne unike sjansen, seier fotballspelaren.

Han har spela på A–laget til Norheimsund dei siste tre åra. (Les meir under)

Tekst og foto: Lars A. Oma

 

 

– Eg likar å setja meg mål, men når det gjeld spelinga for Sogndal vil eg først finn ut kva nivå eg ligg på. Ut frå dette vil eg setja meg klare mål og yta full innsats, seier Singelstad, som kjem frå Isfjorden i Møre og Romsdal.

Han legg ikkje skjul på at målet på lengre sikt er å få spela på A-laget til Sogndal.

– I fyrste omgang ynskjer eg å bidra til at 2. laget til Sogndal rykkjer opp frå 4. til 3. divisjon, og vidare til 2. divisjon – som er målet til klubben.

– Eg likar forventingar og utfordringar. Den som stiller dei høgaste forventingane er nok meg sjølv, vedgår han.

Sogndal Fotball er kjende for å satsa på unge spelarar, noko som gjer klubben ekstra attraktiv for unge fotballtalent.

– Eg er veldig glad og takknemleg for denne sjansen, seier han.

Singelstad hadde sin siste arbeidsdag på Framnes fredag (13.1). No ventar eit halvår med lesing til privatisteksamen i nokre fag frå vidaregåande, og mykje fotballspeling.

Til hausten vert det studiar på høgskulen i Sogndal, anten Økonomi og leiing eller Idrett, aktivitet og helse.

– Eg tek det eg kjem inn på. Fyrstevalet er idrettsstudiet, seier han.

Singelstad har gått tre år på Framnes og gjekk ut som russ i fjor.

– Eg har likt meg godt i Kvam på alle måtar, og Framnes kan anbefalast på det varmaste. No ser eg fram til endringar og nye utfordringar i Sogndal, seier forballtalentet.