Framnesrussen-2012Årets russekull på Framnes sette i dag tidleg kursen mot Lyngdal. 68 elevar skal i løpet av turnéhelga møta "russekollegaer" frå Kristen videregående skole, Lyngdal. Forutan ei rekkje akitivitetar og samlingar skal russen frå dei to skulane arbeida saman for årets misjonsprosjekt, til støtte for det humanitære arbeidet Mercy Ships utfører for å hjelpa fattige med livsnødvendige sjukehusoperasjonar.
– Det blir ei variert helg der me skal gjera alt me kan for å "sveisa saman" elevane frå dei to skulane, sa skuleprest Arne Opsahl-Engen rett før avreise.
Tekst og foto: Lars A. Oma
Framnesrussen-2012