todo1

Ni elevar frå sosialkunnskapsklassen på Framnes KVGS har den siste tida fått opplæring som formidlarar i rusførebyggingsprogrammet To Do or Not to Do. Opplegget er eit samarbeid med Utekontakten i Kvam og Øystese gymnas. (les meir under)

Tekst: Sverre Lindøy

På gruppebiletet ser me heile To Do-gjengen samla på rådhuset under opplæringa. No er dei klare for å formidle kunnskapen sin vidare! Foto: Sverre Lindøy

todo1

15 tredjeklassingar frå Framnes og Øystese har hatt intensiv opplæring gjennom fire seminardagar på Hardingasete og på rådhuset. I løpet av februar og mars skal dei no på besøk til alle 9.klassane i Kvam for å formidle kunnskap og haldningar om rusmiddel.

To Do-programmet er utvikla av Stiftelsen Bergensklinikkene. Målet er å betre ungdom sin kunnskap om risiko og skadar ved bruk av rusmiddel, avdekke mytar og misforståingar om ungdom sin bruk av rusmiddel og arbeide med ungdom for å finne fram til måtar å meistre situasjonar der rusmiddel er med i biletet.

Etter fleire timar med opplæring er elevane spente på korleis det blir å formidle dette vidare til 9.klassingane. To Do-formidlarane er delt inn i grupper på to og to, og skal inn i den same klassen fire gonger. Før dei set i gang, skal dei også arrangere eit foreldremøte for foreldra til 9. klassingane.

Dei neste bileta, som viser glimt frå opplæringa, er fotografert av Birte Brakestad.

Todo2

Todo3

Todo4

Todo5

Todo7

Todo8

Todo9

Todo10

Elevane på kurset har laga stilige spørsmålskassar, for dei som har ting dei lurer på når det gjeld ungdom og rus.