UtfyllingpaaevjaMaskiner og mannskap frå Kjosås Maskin AS, og andre, starta måndag det førebuande arbeidet i samband med den planlagde utfyllinga av Vikøy-evja. Området skal omformast til friområde med idretts- og parkanlegg for alle i Vikøy. Ifølgje rektor Harald Voster er området ikkje regulert til skuleformål. (les meir under)

Tekst og foto: Lars Arvid Oma

Vegen til Framnes-halvøya skal flyttast. Den nye vegen skal fylgja dagens strandline rundt bukta. Gamlevegen vert truleg gang- og sykkelsti.

Ifølgje planane skal det lagast både fotballbane, volleyballbane og grøntareal på friområdet. Framfor internatbygget Framheim vert det ny parkeringsplass.

Til fyllinga skal det mellom anna nyttast sprengstein frå arbeidet med vegprosjektet Kvammapakken.



Utfyllingpaaevja