ny_ovnDet effektive storkjøkenet på Framnes har fått ny avansert omn, ein såkalla ”kombidampar” av typen Rational. Det nye digitale ”vidunderet” vart montert 18. januar og sett i drift med det same. I går hadde kjøkenpersonalet besøk av Rune Torsvik frå leverandøren, som demonstrerte alle mogelegheitene med omnen. Ifølgje kjøkenleiar Berit Jørgensen er det ikkje grenser for kva den avanserte kombidamparen kan brukast til. – Me kokar, steikjer og varmar så og seia all mat i denne omnen. Kombidamparen er utruleg effektiv og enkel å arbeida med, seier ho. (les meir under)

Demonstrasjon: Rune Torsvik frå leverandøren demonstrerer mogelegheitene med den nye Rational-omnen.

 

Kapasiteten er det heller ikkje noko å seia på. Ifølge kjøkenleiaren kan omnen steikja 20 brett pizza samstundes, på seks minutt!

 

– Det betyr mykje å ha skikkeleg utstyr å hjelpa seg med, seier Jørgensen.

Kjøkenet har tre Rational kombidamparar. Dei to eldre omnane er frå 2001 og 2006. Omnen som no vart bytt ut, hadde gjort teneste i 24 år. Den nye omnen har ei kraftig datamaskin innebygd og kan styrast via ein ”touchskjerm”, som på ein iPad. – Me treng knapt kokebøker lenger. Alt me treng ligg i datamaskina, fortel ein nøgd kjøkenleiar. Men utan kompetanse og god kjennskap til skikkeleg mat nyttar det ikkje med all verdas teknologi. Med andre ord, elevar og tilsette på Framnes KVGS er i trygge hender når det gjeld matstellet.

Tekst og foto: Lars A. Oma

ny_ovn_4

Følgjer med: Kjøkenpersonalet følgjer nøye med når Rune Torsvik forklarar kva omnen kan brukast til.