NM_volleyball3Herrelaget til Framnes  måtte bita i graset då dei møtte eit av favorittlaga, Sunnfjord folkehøgskule, i den innleiande runden i NM i volleyball for vidaregåande skular i dag.
Gjestane vann 0-2, med settresultata 7-25 og 13-25. Sjølv om sunnfjordingane vart fleire hakk for "store", var det glimtvis bra spel på Framnes-laget i det andre settet. Likevel var ikkje det nok til å vippa dei godt trena spelarane frå Førde av pinnen. Fleire av spelarane til Framnes var forhindra i å spela, sidan dei deltek i eit worldcuprenn i telemark på Austlandet denne helga. (fleire foto under)
NM-volleyball3
NM-volleyball4
NM-volleyball6
NM-volleyball1
NM-volleyball2