basar7Tradisjonen tru var det stor aktivitet på Framnesbasaren førre laurdag. Innsatsen frå arrangørar og deltakarar resulterte i om lag 71.000 kroner, som gode formål på skulen vil nyta godt av etter kvart. Det var over hundre menneske tilstades på basaren – som tydelegvis lever i beste velgåande. Karsten Oma, kvemming busett på Søreide, vann hovudgevinsten – ei flott bålpanne. Dei neste vinstane, eit tresnitt av Per Flatøy og fotoapparat gjekk til Maria Nyheim og Nora Augestad. Elles var det ei mengd vinstar som fekk nye eigarar.
Som vanleg mangla det ikkje god mat og drikke, song og fine innslag. Noko du kan sjå av bileta under (les mer).
basar12basar1
basar6
basar3
basar9
basar10
basar11
basar7
basar2




basar4