Øystein Wigestrand, som er elev på Framnes KVGS, var raskast i det sjette løpet i Strandebarm vinterkarusell 24. januar. Han tok fyrsteplassen framfor John Olav Måge, Bjørnar Sandnes Lillefosse og Lars Tveitnes. Ifølgje arrangøren har Sandnes Lillefosse vunne dei fleste karusell-løpa denne sesongen. Blant jentene var Eline Sandnes Lillefosse raskast, framfor Kjersti K. Vågen – som også er frå Vikøy.