003Siste helga i januar var elevane i 3C på tur til Kvitfjell. Der venta både oppgåver og opplevingar. Elevane gjorde ein flott innsats som portdommarar i to worldcuprenn i telemark og fekk mellom anna vera med på kveldskøyring i bakken med glimrande vinterforhold, og fine opplevingar på fritida. (Les meir under!)

Tekst: Lars A. Oma

Foto: Arne Opsahl-Engen

Det var ein gjeng full av forventingar som sette kursen austover saman med lærarane sine. Undervegs vart det god tid til varierte og fantasifulle“quiz-rundar”. Som til dømes: “Kven kan mest om 3C”, “Kven kan mest om Jens Ivar og Andreas”, “Bildequiz” og sist men ikkje minst: “Magnus sin fantastiske musikkquiz”. Ifølgje lærar Magnus Hisdal var stemninga i bussen svært god.

Men det var ikkje berre “slaraffenliv” på turen. Framme i Kvitfjell venta oppgåver i fleng for elevane. Kursing i bruk av telefon og walkietalkie for portdommarar, gjennomgang av rutinar, og dømming i worldcup – i telemark sprint og klassisk laurdag og sundag. Sjølv om opningsseremonien ikkje var i klasse med OL i Lillehammer i 1994, var det likevel verdt å få med seg.

Elevane var portdommarar, Odd Inge Austevoll var portdommarsjef og Hisdal og Andreas Eide var ansvarlege for tider og tillegg i målområdet. – Alle gjorde ein god jobb, og me fekk ord på oss for å vera strenge og nøyaktige dommarar. Det var kjekt å sjå dei beste telemarkkøyrarane på kloss hald, seier Hisdal.

Etter worldcuparrangementet laurdag vart det tid til skikøyring også for Framnes-folket. Truls var ikkje ferdig med å stå på ski, så han labba ut åleine seinare på ettermiddagen. Etter en stund hang Rakel seg på. Det var ei imponerande innstilling. På kvelden kjøpte gutane ferdigpizza medan jentene køyrde stil med eigen tacokveld. Dagen vart avslutta med fellessamling, med quizkåringar og “ord for kvelden” ved skuleprest Arne Opsahl-Engen.

Sundag vart ein ny fin, klar og kald dag, med intenst innsats som funksjonærar under worldcup klassisk. Det vart rett nok kaldt å stå stille i 3-4 timar som funksjonærar langs løypa, men elevane gjorde de dei kunne for å halda varmen. Etterpå var det klart for pakking og retur til Framnes. – Det har vore fantastisk innsats og godt samarbeid mellom elevane på turen. Ein kjempegjeng å ha med seg, seier Hisdal.

003

024

028

036

056

088

090

096

113

115

123

143

229

236

 

 

 

 

313

319

330