DSCF4827

Onsdag 1. februar la elevar på vg2 studieførebuande skuledagen til Bergen. Her delte me oss i grupper og hadde fagleg opplegg på ulike stader i byen i løpet av skuledagen. Realistane starta dagen med eit bedriftsbesøk hjå Karsten Moholt. Der fekk dei innblikk i arbeidsfelta til bedrifta, og på elektroverkstaden fekk elevane sjå korleis bedrifta driv ettersyn og vedlikehald av elektromotorar. Karsten Moholt er ei bedrift i vekst som har høg standard på arbeidet dei driv. (les meir under)

Tekst: Ingvill Sørheim  Foto: Lisbeth F. Oma og Ingvill Sørheim

 

«Ingen er bare det du ser», opna gateprest Tor Brekkeflat med å seie til elevane på samfunnsfag og språk då dei innleidde dagen med besøk på Kafé Magdalena, ein av tre kaféar i regi av Kirkens Bymisjon i Bergen. Han har vore tilsett som gateprest sidan oppstarten bymisjonen der for femten år sidan og er ein av dei som kjenner byen og arbeidet bymisjonen driv som si eiga bukselomme. Bymisjonen har mange tiltak for ulike grupper som ungdom, rusavhengige, prostituerte, vanskelegstilte familiar og personar med innvandrarbakgrunn. Gategudstenester er faste innslag i tillegg til at Korskirken er open for folk som treng eit stille rom og ein plass å prate med nokon. Brekkeflat utfordra oss alle til å ta med oss det som ligg i ordet respektere, nemleg «å sjå ein gong til» i møte med nye menneske.

Skuledagen blei avslutta med eit besøk på Bryggen museum og ei omvising i utstillinga der. Guiden snakka engasjert om norske og utanlandske kongar, historiske hendingar både i inn- og utland og om arkeologiske utgravingar og funn spesielt frå mellomalderen. Omvisinga vart avrunda med ein tur i Håkonshallen og i Rosenkranztårnet. Dette tårnet reiknar ein som det viktigaste renessansemonumentet i Noreg. Sjølv om fangeholet var noko trongt og klamt, kan ein ikkje klage på utsikten frå toppen av tårnet. Historie er både lærerikt og morosamt!

Medieelevane tok turen til ”medielaben” på VILVITE, Bergen vitensenter. Der fekk dei spela journalistar i om lag to timar, og prøva ut spennande ”leiketøy” og installasjonar på senteret. Fagdagen vart avslutta med felles pizzamåltid på Egon.
Ekskursjon_348
Ekskursjon_333

Ekskursjon_336

Ekskursjon_340

Ekskursjon_344

Ekskursjon_335

DSCF4795

DSCF4797

DSCF4804

DSCF4810

DSCF4816

DSCF4817

DSCF4818

DSCF4827

Karsten_Moholt_1

Karsten_Mohlt_2

Karsten_Moholt_3

DSCF4832