DSCF4859Tysdag 7. februar hadde Framnes KVGS besøk av 22 hospitantar. Målet for tiandeklassingar frå Strandebarm skule, Kvam ungdomsskule, Jondal skule og Kvam kristne skule var å verta betre kjende med fagtilboda og miljøet Framnes kan tilby. Hospitantordninga er ein del av faget Utdanningsval, som elevar i ungdomsskulen har på timeplanen. (les meir under!)

 

Elevane hadde på førehand valt å fylgja studieretningane studiespesialisering eller idrettsfag på ”hospiteringsdagen”. Dei som valde studiespesialisering kunne i tillegg fordjupa seg i programfaga innan realfag eller samfunnsfag/språk.

 

Mot slutten av dagen fekk elevane møta dei tilsette på miljøavdelinga, som fortalde om fritidsaktivitetar og miljøtiltak på skulen, som også heimebuarane kan delta i.

– Me håpar opplegget denne dagen gjev meirsmak, og at me ser elevane igjen til hausten, seier rådgjevar Lisbeth Fredheim Oma.

Bileta er frå presentasjonen av programfaget friluftsliv og frå opplegget til miljøavdelinga.

DSCF4849

DSCF4852

DSCF4859

DSCF4857

DSCF4866

DSCF4863

DSCF4855

DSCF4867