foreldredag_3På fellesamlinga under foreldredagen i helga kunne leiinga i misjonsprosjektet gleda forsamlinga med strålande nytt. Misjonsprosjektet har passert 915.000 kroner i innsamlinga til Mercy ships! Draumen om å nå éin million kroner er svært nær. Foreldra og dei tilsette på Framnes er mektig imponerte over engasjementet til elevane, noko applausen på fellessamlinga understreka.

Foreldredagen laurdag starta med undervising. Deretter var det seminar for elevane med ungdomsvitar Andreas Gravdal. Han snakka om Identitet, og serverte eit fengslande føredrag om sjølvbilete og korleis ein kan gjera positive val. (Me kjem tilbake med referat frå seminaret)

Elles gjekk det slag i slag med fellessamling, kafé, lotteri, klassemøte og konferansetimar.

foreldredag

foreldredag_1

foreldredag_9

foreldredag_10

foreldredag_2