foreldredag_7– Kva er verdas viktigaste bilete? Eit måleri på eit eller anna kjent kunstgalleri? Nei, det er sjølvbiletet ditt!

Orda kjem frå Andreas Gravdal (30), ungdomsvitar, forfattar og føredragshaldar. Han hadde seminar om identitet for elevane på Framnes under foreldredagen. Med utgangspunkt i boka En utrolig bra bok for unge folk sette han søkelyset på faktorane som påverkar sjølvbilete, eigenverdi og det å vera sjef i eige liv. Han kom også med tips om korleis ein kan ta styringa over dårlege vanar, og det å unngå å berre å flyta med straumen utan mål. Seminaret er ein del av skulen si satsing på karrierevegleiing. (les meir av reportasjen under)

Tekst og foto: Lars A. Oma

– ”Kven er eg?” ”Kva vil eg?” ”Korleis ser du på deg sjølv?” Av og til treng me å stoppa opp, ta ein pause og kjenna etter. Kor er eg i livet, og kor går vegen vidare? Tida går så fort. Det viktigaste du har er ditt eige liv, sa han.
Gravdal utfordra elevane til å nemna faktorar som påverkar sjølvbiletet vårt, i både positiv og negativ retning. Etter kort tid hadde han tavla full av gode forslag. (sjå biletet etter teksten). Ifølgje ungdomsvitaren er det nokre faktorar som påverkar oss meir enn andre. Foreldre, søsken, vener og lærarar har stor innverknad på sjølvbiletet. Han tok utgangspunkt i sitt eige liv og delte erfaringane sine med elevane i salen.
– Eg var heldig som hadde ein lærar som ”såg” meg, og som hadde positiv innverknad på vegvala mine. Vedkomande synte meg mitt eige potensiale, mine sterke sider. Andre lærarar såg berre ”klovnen” Andreas, ikkje mennesket bak maska. Det er rart å tenkja på at eg på skulen ofte fekk kjeft for pratinga. I dag får eg betalt for å prata, sa han.

Også andre faktorar spelar inn. Media, trenaren på fotball-laget, naboen og dei store spørsmåla i livet – religionen. Gravdal understreka at det heller ikkje er det same kven ein ”heng med” på fritida. Ein vert påverka av omgjevnadene. – Ord er viktige. Dei kan oppmuntre, bryta ned eller flyga forbi. Folk festar merkelappar på oss, noko som set i gang prosessar – som til slutt samlar seg i ein ”ryggsekk” som me ber med oss. Kva merkelappar har eg med meg i bagasjen? Kven skal få lov til å definera deg? Om du ikkje definerer deg sjølv, vil andre gjera det! Detter er seriøse greier. Gjer det du kan for å verta sjef i eige liv, understreka han.

– Å berre flyta av garde tek deg garantert av stad, men ikkje nødvendigvis dit du ynskjer. Av og til har eg vore nødt til å ta mine eigne val, for å kunna fylgja min eigen veg, sa han.

Gravdal var også oppteken av kva det er som styrer oss. Våre eigne val, eller det andre fortel oss. – Du kan ikkje bestemma kva omgjevnadene dine fortel deg, men du kan bestemma kva du vil lytta til. Det du sår i tankane dine er det du får! Snakk til deg sjølv, så inn gode tankar, oppmoda han.

– Kva er det som gjer deg verdifull? Kva er ein 500-lapp verd dersom du krøllar han, trakkar på han og spyttar på han? Er denne pengesetelen mindre verd enn ein som ser ut til å vera heilt perfekt? Er ikkje verdien den same?

Dei fleste elevane følgde godt med. Dette er tema som rører kjenslene på djupet i livet. Ikkje berre hjå dei unge, men også hjå menneske midt i livet. Det er viktigare å akseptera seg sjølv enn å gjera kva som helst for å verta akseptert av andre.

Gravdal tok også ”turen innom” dårlege vanar, som kan fører oss feil av stad i livet og som får konsekvensar. – Her er eit 3-trinnstips til korleis de kan koma ut av dårlege spor i livet: Sei stopp til deg sjølv, vedgå den dårlege vanen og snu! Dette er ikkje ei enkel oppskrift, men vel verdt å prøva. Boka om våre eigne liv er ikkje skriven ferdig. Me har enno høve til å påverka det som skal stå i boka frå i dag. Våg å setja dykk store og høge mål. Ver sjefar i eigne liv, oppmoda Gravdal.

Ungdomsvitaren fortalde korleis han sjølv valde å endra eige ”image” som ungdom. Heilt tilfeldig fekk han greie på korleis andre oppfatta han, som den frekke Andreas. Oppdaginga gav han eit støkk i livet, noko som førde til endring.

Mange av elevane takk Gravdal for seminaret etter han var ferdig. Bodskapen hans nådde truleg inn.

foreldredag_5

foreldredag_6

foreldredag_8