foreldredag_4NY– Me er imponerte over kor mykje pengar elevane har klart å samla inn til misjonsprosjektet. Det er heilt unikt, seier styreleiar i Mercy Ships Norge, Erling Natvig. Han og ektefellen Solfrid Quist Natvig, som også er styremedlem i organisasjonen, deltok på foreldrehelga. Me nytta høvet til å slå av ein prat med representantane. (les meir av artikkelen under)

Tekst og foto: Lars A. Oma

– Det som er minst like imponerande er korleis elevane klarar å fokusera på kvar enkelt skjebne mellom dei fattige i Vest-Afrika. Gløden og iveren er stor. Eit slikt engasjement kan vera til ufatteleg stor hjelp, seier han.

Paret peikar også på at det er gode leiareigenskapar i elevflokken. Dette lovar godt for framtida.

– Me håpar og trur at denne gløden vil visa att i kristne lag og organisasjonar når det gjeld leiarskap og engasjement, seier Solfrid.

Ifølgje ekteparet er dette den største enkeltaksjonen i Mercy Ships si historie i Noreg.

– Me er også imponert over korleis tredjeklassingane klarar å få med seg heile skulen, også elevane på dei andre trinna, legg Erling til.

– Kva vil denne summen bety for arbeidet med pasientane i Vest-Afrika?

– Det kan til dømes gje om lag 600 blinde synet tilbake, eller rundt 300 menneske kan få fjerna store og livstrugande godarta kreftsvulstar i ansiktet. Uansett vil ein slik sum bety at mange menneske får eit nytt liv, seier Solfrid.

Ho har i fleire periodar vore sjukehusleiar på MS Africa Mercy, eit topp moderne sjukehusskip med ein kapasitet på inntil 7.000 operasjonar årleg. Å bruka skip vert rekna for å vera hygienisk, sikkert og fleksibelt. Ein kan flytta sjukehuset dit nauda er størst.

Når sjukehuset er i full drift arbeider det 430 personar om bord. 190 av desse er helsepersonell. Alle arbeider gratis. Personellet må til og med betala for kost og losji. Med andre ord går alle pengegåver direkte til helsetenestene.

16 av verdas 40 fattigaste land ligg i Vest-Afrika. Trongen for hjelp er massiv. Vanlege sjukdomar vert livstrugande som følgje av underernæring, komplikasjonar eller fordi dei sjuke ikkje får den hjelpa dei treng.

foreldredag_4NY