psykologi-925 av elevane på VG2 har valt psykologi som programfag. Fem timar i veka studerer dei tema som barndom, ungdom, tankar, kjensler, utvikling, læring og oppbygginga av hjernen – for å nemna noko av det som høyrer til faget.

For tida arbeider vi med kunnskap og kreativitet. Kva slags kreativ tenking er det som får oss til å løysa uløyselege problem og utfordringar? Dette var utgangspunktet for spennande oppgåver i klassen. (les meir under)

Tekst: Kjell Dysvik

Foto: Lars Arvid Oma

 


 

psykologiNY

Connie, Karoline og Miriam er nokså nøgde med at dei  fekk til å løyse si utfordring: korleis få to gaflar til å hengje på eit drikkeglas, berre ved hjelp av ei fyrstikk. Dei har vore på kjøkenet og fått hjelp. Kjøkenet hadde eit større gruppearbeid om denne utfordringa, både for å finne fram rette typar reiskap og ikkje minst gode råd om problemløysinga.

psykologi3

psykologi6NY

Kristian løyser si utfordring med kreativ blåsing. Egget skal frå eine glaset til det andre, utan at eggeglaset forlét bordflata, og utan at ein rører egget. Det går an å komme i mål med litt knust egg også. Men det blir litt meir søl då…

psykologi7

Syliva, Rebekka  og Therese er nokså nøgde med tankekartet for kvalifikasjonar, kompetanse og kreativitet. Fint og ryddig tankekart!

psykologi8