internat_oppussing2Vaktmeistrane på Framnes har i løpet av dei siste tre-fire åra pussa opp om lag 70 rom i internatbygget Framheim. Det er montert ekstra lag med lydisolerande gipsplater, tak og vegger er måla, romma har fått nye garderobeskap, og nye lydtette dørar er montert. I tillegg har fastmonterte møblar av god kvalitet blitt pussa opp. I løpet av året skal dei 90 elevromma på Framheim vera ferdige. Romma vert pussa opp fortløpande. Medan romma vert oppgraderte får elevane bu på andre ledige rom.Oppussingskostnadene ligg på om lag 15.000 kroner per rom. Det er mellom anna kjøpt inn 70 nye garderobeskap. Ein stor del av arbeidet er utført av vaktmeistrane på skulen. Til ein del av arbeidet har skulen nytta seg av eksterne handverkarar. (Les meir om oppussinga under)

 

I tillegg er ei rekkje av bada pussa opp. I løpet av 2012 skal 13 bad vera oppgraderte med nytt baderompanel, nye dusjar og anna inventar. Bada åleine vert oppgraderte for om lag 200.000 kroner. Det er også skifta blandebatteri i vaskane på romma for om lag 100.000 kroner.

 

Det skal også gjerast eit krafttak med nye vindauge på Framheim. Dei gamle vindauga, som er 34 år gamle, skal bytast ut. Fyrst på lista står fasaden som vender mot fjorden, men etter kvart skal også dei andre sidene takast. Skuleleiinga er allereie i gang med å skaffa anbod på jobben. Arbeidet skal gjerast i løpet av 2012/2013. Dei nye vindauga vert trekte ut og skal ”flukte” med fasaden. Det skal nyttast vedlikehaldsfrie vindauge med aluminiumsprofilar. Utskiftinga av vindauge kostar over ein million kroner.

– Dei gamle vindaugo isolerar så dårleg at det nærast er uråd å oppretthalda normal temperatur på romma når den kalde austavinden står på som verst. Arbeidet som allereie er gjort, og det som skal gjerast dei neste åra, syner at skulen tek internata på alvor,  seier vaktmeister Kjell Magne Solsvik. Han peikar på at det i forkant av oppussinga vart gjort ei spørjeundersøking mellom elevane i samband med kvaliteten på internatromma. To ting skilde seg ut mellom tilbakemeldingane: For det fyrste peika mange på at romma var dårleg lydisolerte, og for det andre var plasseringa av hylla over sengene uheldig plasserte. Mange opplevde å slå hovudet opp i hylla.

Solsvik er glad for at styret for skulen prioriterer oppgraderinga av internata. I samband med oppussinga har styret nyleg gjeve 140.000 kroner ekstra til arbeidet. ”Nesheim” og ”Fjordheim” er av nyare dato, men ifølgje Solsvik nærmar det seg ei oppgradering av desse internata også.

internat_oppussing2

internat_oppussing3

internat_oppussing

internat_oppussing4