chamonix1
I dag tidleg, nærare bestemt ti på halv ni, var det endeleg avreise for skuleturen til Chamonix i Frankrike. Det var ikkje noko å seia på stemninga i den store bussen rett før han rulla ut av tunet!
Turen går først til Oslo, deretter med båt til Fredrikshavn. Så går det slag i slag gjennom Danmark, Tyskland, Sveits og inn i Frankrike til fantastiske Chamonix. Der ventar fine dagar i flott fjellterreng for dei 62 elevane. Med seg har dei tre idrettslærarar og ein vaksen i tillegg – som også er lege. Bussen tek 55 passasjerar, så nokre av elevane må reisa med fly.
Reisefølgjer er tilbake på Framnes 18. mars.
Me har fått lovnad om ein blogg frå turen. Bloggadressa dukkar opp på nettsida snart!
chamonix1
Ikkje noko å seia på stemninga i bussen rett før avreise.
Chamonix2
Det er slike forhold elevane drøymer om i Chamonix. Her ser me elevar i puddersnøen for nokre år sidan.