401 ungdommar har søkt om skuleplass på Framnes KVGS hausten 2012. Mellom desse er det 236 nye søkjarar. Ifølgje skuleleiinga er dette søkjarrekord, men berre så vidt. I 2005/2006 hadde skulen 399 søkjarar.
Søkninga til VG1 idrett og VG1 studiespesialisering har auka frå 149 (2011) til 207 (2012). Søkninga til VG1 idrett har nesten dobla seg sidan i fjor, frå 55 til 94. Men også søkninga til VG1 studiespesialisering har auka kraftig.