gimlekollenFramnes KVGS hadde i dag besøk av tre ambassadørar for Mediehøgskolen Gimlekollen i Kristiansand. Sarah Enany, Linda Andersen og Sofie Bragvin hadde seminar for VG2 og VG3-elevane som har programfaget media- og informasjonskunnskap. Gjestene fortalde mellom anna om studietilbodet på høgskulen og formidla noko av det som har engasjert studentane mest undervegs i studiet. Dei hadde med seg spanande undervisingsopplegg knytt til journalistikk og etikk, interkulturell kommunikasjon og kommunikasjon og livssyn. Enany og Bragvin er tidlegare studentar medan Andersen er student på Mediehøgskolen i dag. – Me er nøgde studentar som sa ja til å gjera ein innsats for Mediehøgskolen, seier Bragvin.

Enany har vore i Egypt for å skriva oppgåve om den ”arabiske våren” og kva rolle sosiale medier, nyhendemedier og religion spelar i prosessen. Ho arbeider med ein bachelorgrad i Interkulturell kommunikasjon. Linda Andersen held på med eit årsstudium i kommunikasjon og livssyn. Ho ser nærare på korleis film og populærkultur vert prega av livssyn, korleis ein kan formidla kristen tru i ungdomskulturen og korleis ein kan møta tidas innvendingar mot kristen tru.
Bragvin har bachelorgrad i journalistikk og hadde sommarjobb i NRK 22. juli i fjor. Terroraksjonen i Oslo og på Utøya gav henne god bruk for det ho hadde lært om etikk på Mediehøgskolen. Den sterke vektlegginga av etikken i journalistikken har også vore til god hjelp under produksjonen av tv-dokumentaren frå Kasakhstan, som er eitt av prosjekta hennar.
Dei tre gjestene frå Mediehøgskolen har eigen stand på Framnes og har seminar for ein del av elevane.
Ambassadørane har mellom anna besøkt Kongshaug musikkgymnas, Sygna VGS, KVS Lyngdal, Danielsen VGS, Vågen VGS og Solborg folkehøgskole.
– Det har vore stor interesse for medieutdanninga, særleg blant dei eldste elevane, seier Bragvin.
– Noko av det me prøver å få fram er noko av varemerket til Mediehøgskolen Gimlekollen, dei gode mogelegheitene ein har til å kombinera høgskulestudiar og universitetsstudiar, seier Andersen.
Ifølgje dei tre studentane er dei fleste elevane på dei vidaregåande skulane godt orienterte om studiet.
– Det er færre spørsmål om sjølve studiet, men desto større interesse for jobbane i media. Det er ein pressa mediemarknad som er inne i ei enorm utvikling. Til dømes må dagens journalistar i stor grad vera fleirmediale, noko Mediehøgskolen har teke konsekvensen av, seier Enany.
gimlekollen
 Ambassadørane for Mediehøgskolen Gimlekollen, Sofie Bragvin (f.v.), Sarah Enany og Linda Andersen i samtale med Framnes-elev Joar Straumstein.
gimlekollen2
 Sarah Enany (t.v.), Linda Andersen og Sofie Bragvin.
mediehgskolen2
Sofie Bragvin snakka om etikk og journalistikk. Ho delte mellom anna sine eige erfaringar som journalist under terroraksjonen 22. juli.
mediehgskolen3
Elevane lytta då Bragvin fortalte om opplevingane som journalist under 22.juli-angrepet.