Fremforing_20Torsdag 15. mars trekte elevane i 3A i finstasen og gjorde seg klare til å framføre og nyte resultatet av ei veke med øving fram mot sitt skjønnlitterære program. Skjønnlitterært program går inn i norskfaget på vg3, og elevane har sjølv valt framføringsmåte. Felles tema var relasjonar. Då femna vi om alt frå intens kjærleik til frustrasjon over Oslo byråd..

Tekst: Ingvild Øvrebø   Foto: Håkon Bjelland

Tittel på programmet var "Eg og deg. Dei og oss." Elevane hadde tolka tekstar gjennom å lage lysbileteseriar, dramatisere, lage film, lese dikt og framføre songar med drama til. Dei framførte tekstar av Jan Erik Vold, Gro Dahle, Olav H. Hauge, Kolbein Falkeid, Jakob Sande, Haldis Moren Vesaas, Inger Hagerup og Samuel Becket. Ganske variert, og kvelden var krydra med kreative innslag. Til dømes var Benjamin eit syn då han framførte dikt medan han "padla" seg inn på scena i husmortralla. Eller kva med gruppa som i sinne drog inn ei trillebår med jord, for å vise Oslo byråd kva ein spade er! Vakre "Tir n'a Noir" avslutta programmet i auditoriet. Etterpå venta pizza i "blåsalen" (tusen takk til kjøkenet!) og sjokoladekake for å feire at programmet var vel overstått.

Sjå fleire foto HER