italienske_dagarTysdag, onsdag og torsdag denne veka har det vore italienske dagar på Framnes-kjøkenet. Tysdag var hovudretten Tagliatelle med pesto, fisk med tomat og mozarello, og vanleg ratatouille – med påfølgjande eplekake med krem/vaniljesaus/vanilje kesam til dessert. Nam, nam!

Onsdag diska kjøkenet opp med lasagne med kjøttsaus/kvitsaus, salat og baguettar, ratatouille og løk. Desserten var cupcakes. Torsdag var hovudretter koljeburgar med mezze penne tricolore, steikt blomkål med baconterningar og purreløksaus. Etterpå var det sjokoladekake.

 

Ein av dagane hadde kjøkenet besøk av kokkane Rolf Helgesen frå Findus foodservices og Jostein Rebnord  frå Baxt AS. Framnes handlar råverar og leverandørane stiller opp med kokkar. – Me brukar å ha slike temaveker eit par gonger i halvåret. Responsen frå elevane tyder på at dette er populært. Dei set pris på nye rettar frå kjøkenet, og me som arbeider her tykkjer dette er både inspirerande og kjekt, seier avdelingsleiar på kjøkenet, Berit Jørgensen.