misjonsprosjektet_millionÅrets misjonsprosjekt på Framnes har passert éin million kroner. Det starta som ein optimistisk draum. No har draumen gått i oppfylling. – Det er svært motiverande å sjå at målet er nådd, men det viktigaste er kva dette har å seia for fattige menneske i Afrika. For denne pengesummen kan det medisinske personalet om bord i Mercy Ships gje minst seks hundre blinde synet tilbake, eller meir enn tre hundre menneske kan få fjerna store og livstrugande godarta kreftsvulstar i ansiktet. Mange menneske får eit nytt liv. Det er det viktigaste, seier leiar i misjonsprosjektet, Håvard Drange.  (På biletet ser me eit glimt frå misjonsløpet i fjor haust)

Tekst og foto: Lars A. Oma



Drange rosar medelevane sine for eit glitrande engasjement i saka.

– Dette er eit prosjekt der alle dreg i lag. Utan at folk hadde vore så flinke til å ta initiativ og vera pådrivarar hadde me ikkje klart å nå målet om éin million kroner. Misjonsprosjektet har vore alle sitt prosjekt. Samstundes har leiinga i Mercy ships vore veldig flinke til å følgja prosjektet opp, seier Drange.

Det ligg mykje arbeid bak misjonsprosjektet, men Drange klagar ikkje.

– Det tek tid og krefter, men prosjektet gjev meir enn det tek. Dette er eit arbeid som går frå hjarta til hjarta, seier han.

– Kva har misjonsprosjektet gjort med dykk som menneske?

– Me har sett at Gud er større enn me trudde. Det har også lært oss at det kan vera lurt å drøyma stort. Me har så lett for å avgrensa oss sjølve. Dette er ein fin lærdom å ta med seg vidare, seier han.

Sjølv om millionen er nådd strøymer det framleis pengar inn på kontoen. Både russerevyen og loddsal står att før den endelege summen for misjonsprosjektet 2011-2012 er klar.

misjonsprosjektet_million2

Leiarane i Misjonsprosjektet, Håvard Drange og Kristin Eskeland, er imponerte over engasjementet og iveren hjå medelevane sine. – Det er kjekt å visa at me kan nå eit mål saman, seier Drange.