Mariann Vestbøstad Marthinsen frå Loddefjord IL vann verdscupen i langrennspigging samanlagt, melder Bergens Tidende. Resultatet var klart då den tidlegare Framnes-eleven gjekk inn til siger på 5 kilometer i Voukatti i Finland tysdag. Ho var 10 sekund før Pavlenko frå Ukraina som har vore ein av dei største utfordrarane denne sesongen. Dette er første gong på fem år at ein norsk utøvar vinn verdscupen i langrenn for funksjonshemma.

- Den gode framgangen min frå i fjor skuldast fleire faktorar. For det første har eg utvikla meg som skiløpar, blitt betre teknisk, taktisk og held betre på dei lengre distansane. I tillegg har eg denne sesongen fått et par knallgode ski. Utstyret har som alle veit veldig mykje å seie for å nå toppen, seier Vestbø Marthinsen til BT.

Mariann gjekk studiespesialisering på Framnes og var russ i 2003. Ho har tidlegare mellom anna teke medalje i symjing i Paralympics.