smith3Førre fredag hadde Framnes besøk av professor David I. Smith frå Calvin College i USA. Smith er frå England men har undervist og forska på fagfelta tysk og pedagogikk i USA i mange år.

Smith snakka om temaet Kristne verdiar i klasserommet. Tilhøyrarane var pedagogisk personale frå Framnes og Danielsen skoler i Bergen.– Korleis påverkar det kristne rammeverket undervisinga vår? Bør undervisinga på kristne skular vera annleis enn på andre skular? spurde Smith i byrjinga av det omfattande føredraget på fem timar. Han kom ikkje med ein absolutt fasit, men oppmoda lærarane til å tenkja gjennon korleis ein kan inkludera kristne verdiar i undervisinga – til dømes korleis ein møter elevane i klasserommet, og korleis ein kan fletta inn etiske og mellommenneskelege tema i fag der det er naturleg.
Tekst og foto: Lars A. Oma
– Kva er det som gjer ein lærar til ein kristen lærar? På same måte som det ikkje er noko spesifikk kristen måte å reparera ein bil for ein bilmekanikar, er det heller ikkje ein spesifikk kristen pedagogikk, understreka Smith.

Men ein kan vera bevisst i valet av undervisingsmateriell. Ein kan til dømes trekkja inn historier i språkfag som speglar verdiar og normer, i staden for å bruka standardtekstar som berre tek føre seg ”overflatetema” som mat, hus, feriar og materielle goder. Smith trekte fram fleire døme i språkfaget tysk, som han sjølv underviser i.


Smith tok også opp temaet ”den kristne læraren” og kjærleiken til elevane. Bør ein forventa meir av ein kristen lærar? Skal han eller ho vera ein perfekt rollemodell? Kva typar menneske er me i klasserommet? Kva verdiar speglar me? Spørsmåla manar til ettertanke.

– Me kan heller ikkje vera perfekte rollemodellar, men vanlege menneske som torer å be om tilgjeving når det trengst. Me skal vera medmenneske, sa Smith.

Han oppfordra lærarane til å vera bevisste på korleis ein ser elevane, engasjerer dei og praktiserer i arbeidet med å formidla kristne verdiar. Smith tok utgangspunkt i den amerikanske individualismen og korleis dette påverkar synet på ”dei andre elevane”. Det handlar om ”meg og mi læring”. Er dette rett? Bør ikkje elevane lærast opp til også å kjenna ansvar for ”dei andre”?

– Korleis klasseromma er innreia fortel noko om dette. I det amerikanske skulesystemet er klasseromma organiserte med firkanta bord – som ei markering av det private området. I Kina brukar ein runde bord, der fleire sit i lag. Det ligg mykje symbolikk i dette, som kan gje grunnlag for refleksjon, sa Smith.

smith3

smith1

smith4

smith2