innbrotNatt til langfredag var det tjuvar på ferde på Framnes. Etter det leiinga på skulen kjenner til har tjuvane ikkje fått med seg noko. Karane vart forstyrra i "arbeidet" då ein av dei tilsette overraska tjuvande medan dei var inne i administrasjonsbygget. Politiet vart varsla, men tjuvane kom seg unna før lovens lange arm var på plass.
– Til alt hell rakk dei ikkje å stela noko, men tjuvane har gjort stor skade på fleire dørar. Eg reknar med det er skadar for om lag 35.000 kroner, seier avdelingsleiar for vedlikehaldet på skulen, Kjell Magne Solsvik. (Les meir under!)
Ifølgje Solsvik har tjuvane først prøvd å koma seg inn gjennom ei aluminiumsdør på baksida. Døra vart øydelagt, men karane kom seg ikkje inn. Tjuvane tok seg i staden inn gjennom eit vindauga i eitt av kontora. Deretter har dei henta fram nøklar som dei prøvde å koma seg inn i ulike kontor med. Tjuvane har mellom anna rota på rektors kontor.