vaarteikn4Når det kryr med elevar utstyrde med river er det ikkje lenger tvil. Det er vår på Framnes! Det meste av den årlege ryddinga på uteområda starta før påske. I dag var det elevane i 2C sin tur. Etter det ein kunne sjå hadde dei fleste god peiling på rydding og raking. – Elevane er flinke. Det er ingen sure miner å sjå, seier avdelingsleiar for vedlikehaldet på skulen, Kjell Magne Solsvik. (Les meir under!)

Sjå fleire foto HER

Mange tykkjer det er heilt fint å få koma seg ut, særleg når sola skin. – Det er eit fint alternativ til diktanalyse, seier ein av dei.

 

Raking og rydding før påske er i ferd med å verta ein lang tradisjon. – Me har halde på med dette i 12-13 år, seier Solsvik. Han er overtydd om at tiltaket har fleire positive sider. Det lettar arbeidet for vaktmeistrane, elevane får jobba i lag ute i frisk luft og det verkar førebyggjande når det gjeld haldningane til det å kasta frå seg søppel ute.

vaarteikn4B