Tyrkia_2012_frontI tida 10. til 17. mars var seksten elevar frå Framnes på fotballtur til Tyrkia. Les kva elevane sjølv skriv om opplevingane:

Turen til Tyrkia

Me var ein spent gjeng på seksten elevar som hadde gleda oss lenge til tidenes treningsleir i Side i nærleiken av Antalya. Hotellet skulle vise seg og vere over alle forventingar, for ikkje å snakke om maten! Når me hadde installert oss på romma var det informasjonsmøte. Veka skulle innehalda to treningsøkter kvar dag, inkludert ein mikskamp og ein rein gutekamp. Me møtte eit anna treningsanlegg enn det vi er vane med. Det var grasbaner og været var helt nydeleg. Dette skulle bli en bra veke! Me hadde fri bruk av tyrkisk bad, sauna, basseng, styrkerom osv. Det gjekk også an å få seg spabehandling på hotellet. Der kunne ein få alt frå sportsmassasje til aromaterapi. Ein kan vel seia at det var fleire av gutane som enda opp med agurkar på augo! (Les meir under!)

Tekst og foto: Tonje og Silje

Sjå fleire foto HER

Allereie på måndagen skulle vi trø til på mikskamp, der alle jentene skulle få moglegheit til å begynne. Dette var ei ny og lærerik oppleving. Spesielt morosamt var det når ein kunne sjå frustrasjonen til gutane på det andre laget etter ein tapt duell mot ei av jentene frå Framnes. Det enda med tap til Framnes, som etter vår meining var ganske ufortent.

 

Dei neste dagane gjekk til trening, eting og avslapping, men på grunn av dårleg vær vart det ikkje særleg mykje soling.

Så braka det laus på torsdagen med både gutekamp og «Framnes Solfaktor 2012». Det var kjekt å sjå gutane våre i aksjon på banen, og denne kampen vann Framnes velfortent med godt spel og gode prestasjonar. Så kom kvelden med reisa til det største høgdepunktet; Solfaktor 2012. Dette var eit talentshow der alle måtte stille opp og opptre med eit eller anna talent. Nokre spela instrument og song, medan andre las eventyr eller dansa. Dersom eg skal dra fram to eksempel må vel det vera andreplass som gjekk til Daniel S., Eirik og Johann som dansa og sjonglerte til ein ganske banal(eller banan om du vil) song. Eller Therese og Katharina, som gjekk av med sigeren. Dei hadde laga sjølvkomponert song til deira største idol.

Siste dagen erklærte me krig mot sola i eit siste forsøk på å få litt farge. Til og med sololje utan faktor blei henta fram.

Ein kan vel seia at det var ein ganske nøgd, men samstundes trist gjeng som sat i resepsjonen før avreise.

Tusen takk for turen Johnny, Magnus og gjengen på toppidrett i 2.-og 3.klasse!