skulelagscup5Framnes KVGS tok torsdag bronse i skulelagscupen for vidaregåande skular etter 4-0 tap mot Laksevåg VGS. Trass i gode høve og friske bein klarte me ikkje å hevda oss heilt i toppen. Sjølv om lagleiar og 3. klassing Andreas Kvåle ønska seg laksefilet til middag og spiss Marius Mikkelsen bestemt meinte han kjende lukta av Gull i minibussen på veg til Bergen, vart det likevel overlegen siger til laget frå Laksevåg. Tidlegare har Framnes spelt seg vidare frå 1/8-delsfinale mot Os VGS og kvartfinale på heimebane framføre eit stort publikum av medelevar. Laget var sjølvsagt skuffa, men samstundes godt nøgde med å verta 3. best av dei 16 laga som var påmelde. Framnes underpresterte og keeper Henrik Sandtorv redda med mange krumspring Framnes frå å gå på eit endå større tap. Bronsen vart feira med felles Big Mac-lunsj på heile laget. Gratulerer!

Tekst og foto: Andreas Sørås   Sjå fleire foto HER