revy1Tredjeklassingane på Framnes held på med innspurten til årets russerevy. I går var det gjennomgang av innhaldet. Leiarane for revyen, Solveig Lie Tønnesen,  Anne Dorthea Birkeland og Maria Sætre (biletet), gjorde sitt beste for å få medelevane med på notane. Fram mot premieren laurdag kveld vert det intense øvingar og finpussing av revyen. Neste framsyning er på sundag kveld.
Tekst og foto: Lars Arvid Oma   Sjå fleire foto HER