russerevy09I helga gjekk årets Framnes-revy, Time´s up av stabelen. I to framsyningar fekk russen vist kor mykje kreativitet som bur i dei. Det er ikkje lite!
Medelevar, foreldre og andre interesserte er imponerte over det dei fekk sjå på scena. For dei som har kunnskap livet på Framnes var det mange som kjende seg igjen. Den eine sketsjen etter den andre rulla over scena, med mange flotte skodespelarprestasjonar, flott liveband og god teknisk kvalitet.

Utgangspunktet for ”historia” var ryktet om av verda skulle gå under, ifølgje ein mykje omtala maya-kalender – ein 5.000 år gammal kalender som stoppar teljinga i 2012. Men det er berre eit rykte. Livet på Framnes går vidare som vanleg, sjølv om russen nærmar seg slutten med sjumilssteg. Det er ingen grunn til å stoppa opp!

Me gratulerer med vel utført russerevy!

Tekst: Lars A. Oma   Foto: Lars A. Oma og Håvard Bjelland

Sjå fleire foto HER!