nye_stolarStolane i peisestova på Framnes har fått ei kraftig oppjustering. I staden for å kjøpa nye er dei gamle stolane frå 1994 lakkerte og trekte om. Nytt stoff i sete og rygg, og nylakkert treverk, gjer dei gode som nye. Arbeidet er gjort hjå Helland Møbler AS. Restaureringa kostar 144.000 kroner, noko som er om lag halvparten av det nye tilsvarande stolar kostar. I tillegg vert 117.000 kroner av summen betalt av Framnesforeininga. Med andre ord, skulen kjem billeg frå oppjusteringa, og ein har klart å unngå ”bruk og kast”. (les meir under)

 

– Dette er kvalitetsstolar. Berre stoffet og lakken var slitt, fortel Anne Marie Solsvik i Framnesforeininga. Framnesforeininga, som består av sju entusiastiske kvinner, samlar inn om lag 70.000 kroner årleg gjennom Framnes-basaren. I statuttane står det at pengane skal gå til elevretta tiltak. – Det har ikkje vore ”solskjerming” i peisestova tidlegare. Dette slit ekstra på møblar og anna eksteriør. No har skulen heldigvis fått på plass lamellar i vindauga. Dette vil truleg gje lengre levetid på møbelstoffet, seier Solsvik. Ho oppmodar alle til å stella fint med stolane, som vert ”innvigde” i helga, på ein konfirmasjonsfest.

 

Framnesforeininga skal også kjøpa inn nytt trommesett til peisestova.