bogeskytingLes kva Ingrid Flotve og Kristiana Zuarina skriv om den siste friluftsturen til årets 3.-klassingar, og sjå bileta til Kristina Ingvaldsen og Sunniva Lie Nese!

"The last friluftstur"

Helga 4.–6. mai var det klart for den siste friluftslivturen til 3.klasse. Fredag reiste me til Langøy på Sotra og sette opp lavvo på ein nydeleg plass ved sjøen. Bogeskyting var den første aktiviteten me fekk prøva oss på. Etter ein god middag hadde me teambuilding med forskjellige aktivitetar. Me vart delt inn i grupper og laga naturbilde, leita etter nugatti- og leverposteiboksar og kasta støvel på ein innvikla måte. Kvelden vart avslutta med framføringar om flod og fjære og skjeltypar, og til slutt eit ord for dagen. (les meir under!)

Sjå fleire foto HER!

 

Laurdag reiste me til Glesvær og padla i kajakk. Det var ein fin tur, men også utfordrande pga vind og bølger. Me fekk store musklar i armane! Middagen denne kvelden var ulik andre friluftslivrettar – me fekk taco og pitabrød J. Også denne kvelden hadde me teambuildingsaktivitetar. Me begynte med ein konkurranse om å laga høgast tårn av stein. Utfordringa her var at halvparten av laget hadde bind for auga, og det var berre dei som hadde lov til å henta steinar og byggja. Kommunikasjon og samarbeid var viktig då. Me hadde andre aktivitetar også, men hovudkonkurransen gjekk ut på å laga best kake. Då fekk me utdelt kakebotnar, men ingrediensane fekk me velja sjølve. Uheldigvis var det ganane til Øystein og Frede som skulle avgjera kven som vann… Denne kvelden vart også avslutta med framføringar og ord for dagen.

 

Søndag gjekk turen frå Sotra til Øygarden. Der fekk me prøva å klatra i Uteveggen. Det var utfordrande, spanande og kjempekjekt. Rappellering var også ein aktivitet som fall i smak for mange. Høgdeskrekken vart verkeleg sett på prøve. Etter ein fin dag med sol og aktivitet, retta me nasa heim mot Framnes att.

Me vil takka for ein super tur! Friluftsliv er best!


Tekst: Ingrid Flotve og Kristiana Zaurina

Foto: Foto: Kristina Ingvaldsen og Sunniva Lie Nese